Valdres Gravferdsbyrå har eksistert sidan 2005, og er eit moderne gravferdsbyrå, samstundes som det byggjer på dei rike gravferdstradisjonane som finst i Valdres.

Me har heile Valdres som arbeidsstad, men hjelper elles til der du måtte ynskje det.

I byrået er me opptekne av at du som pårørande skal få hjelp til å laga ei god og trygg ramme rundt både bisejtinga og gravferda. Me ynskjer å vera til stades med råd og rettleidning og hjelp slik at gravferda blir ein verdig og god avskjed. Ein god og verdig avskjed er eit godt steg på vegen i bearbeidinga av sorga og saknet.

Kontakt

Kvitvellavegen 7, 2900 FAGERNES
post@valdresgravferd.no
Vakttelefon:  61 36 03 00

Kontoret

På kontoret i Kvitvellavegen 7, har me samtalerom, og utstilling av dei mest brukte kiste- og urnetypene. Katalogar på gravsteinar har me også.

Tilsette

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Henning Andersen

Eigar og drivar av Valdres Gravferdsbyrå er Henning Andersen (f. 1977) frå Aurdal. Han har nærare 30 år bak seg som tilsett i kyrkja i Nord-Aurdal, der han i all hovudsak har vore kyrkjetenar, men og kontormedarbeidar med ansvar for administrasjon av gravferder, i tillegg til at han også har jobba som organist i mange år. Mykje av arbeidet i kyrkja har knytt seg til møte med menneske i ulike fasar av livet, men med hovudvekt på møte med menneske i sorg.

I tillegg til å jobbe i gravferdsbyrået er Henning også folkemusikar, med hardingfela som hovudinstrument. Opp gjennom åra har han spelt mykje konsertar og festivalar i inn- og utland.