Moderne gravferdsbyrå
med forankring i tradisjonane |
|
Gravferdsskikkar har alltid vore ein del av kulturen vår. Det som skjer i samband med eit dødsfall kan sjåast på som kulturelle mønster som er til hjelp i sorgprosessen fordi dei gjev struktur og tryggleik. Valdres Gravferdsbyrå ynskjer å ta vare på dei rike gravferdstradisjonane me har her i Valdres. Det gjer me m.a. ved å tilby tradisjonell pynting med lauv og bar både ved heimen og ved kyrkja, og bruk av kristneteppe som båreteppe. Samstundes gjev moderne datautstyr, med elektronisk ”papirarbeid” og digitalt arkiv, oss meir tid saman med dei pårørande. Me tilbyr også gravminne, både midlertidige trekors, m.a. i lokal tradisjon, og gravsteinar frå Ellinggard Steinindustri.
|