Dødsfall

lysDøden er ofte noko me helst ikkje talar om. Difor er me lite budde når nokon av våre kjære eller næraste døyr. Samstundes som me har nok med sorga og kjenslene våre, er det mange avgjerder som må takast, og mange praktiske oppgåver som må handterast. Det kan vera ein belastning midt i sorga og saknet.

Det er i slike høve det er godt å vite at det finst nokon som kjenner alle rutinar, og kan hjelpe deg med dei praktiske oppgåvene fram mot gravferda.

Mange ynskjer å ta hand om alle dei praktiske gjeremåla sjølve, medan andre vil ha hjelp. Uansett vil eit gravferdsbyrå vera ein god støttespelar og gje råd og rettleiing .

Her er stutt sett opp ei liste over ting Valdres Gravferdsbyrå kan hjelpe deg med.

Kontakte:
• Lege
• Lensmann
• Prest / gravferdstalar
• Kyrkja / trussamfunn
• Organist
• Kyrkjetenar/gravar
• Musikar/solist

Hjelpe til med å laga:
• Dødsannonse
• Songark

Bestille
• Blomster
• Lokale/mat til minnesamvær

Hjelpe til og bistå med:
• Vask, stell og svøping i kiste
• Utsynging /bisetjing
• Gravferdsseremonien
• Transport til bårerom /krematorium
• Leie minnesamværet
• Gravminne

 

Print Friendly, PDF & Email