Tradisjonar

En bondebegravelse

En bondebegravelse, av Erik Werenskiold

Gravferdsskikkar  –  ein del av kulturen vår
Det som skjer i samband med eit dødsfall kan sjåast på som kulturelle mønster som er til hjelp for oss i sorgprosessen. Rituala eller gravferdsskikkane er gode ved at dei gjev struktur og tryggleik i ei tid der ein ofte opplever kaos, og kjenner seg hjelpelaus. Gravferdsskikkane som det faste mønsteret av handlingar, ord og tonar er forutsigbart og trygt, samstundes som dei opnar for å sjå tapet av den døde i ein større sosial samanheng.

Gravferda er ein viktig del av sorgprosessen. Akkurat difor er det så fint å oppleva at tradisjonane utgjer ei ramme som dei pårørande kan fylle med innhald som har verdi for dei. Dei kan også vera med på å prege gjennomføringa av gravferda på ein personleg måte som gjev uttrykk for deira kjensler og tankar, og som opplevast rett og ekte for dei.

Me i Valdres Gravferdsbyrå ynskjer å byggje vidare på dei rike gravferdstradisjonane me har i Valdres. Gravferda er ei markering av avskjed med den som er død, og me ynskjer å legge til rette for at førebuingane og sjølve gravferda skal opplevast som ei viktig og meiningsfylt hending for dei pårørande, og at dei praktiske spørsmåla og gjeremåla krig førebuinga av gravferda skal vera viktige element i sorgbearbeidinga for den einskilde.

Gravferdstradisjonar i Valdres

Print Friendly, PDF & Email