Kva Valdres Gravferdsbyrå kan hjelpe deg med
 

Døden er ofte ukjend for det travle, moderne mennesket, noko det helst ikkje blir tala om. Difor er me ofte lite budde når nokon av våre kjære eller næraste døyr. Ingen kan på førehand seia korleis han eller ho vil koma til å reagere når ein kjær person går bort. Mykje avheng av situasjonen rundt. Uansett reaksjon, så er eit dødsfall ei hending som krev tid og merksemd. Det skapast sorg og sakn, og ofte sit dei pårørande att med mange spørsmål. Kvifor hende dette? Kvifor no? Kva var meininga? Kvar er den døde no? Er alt slutt ved døden, eller finst det ein eksistens også etter den? Og meininga med livet - kva er no det?


Samstundes som me har nok med sorga og kjenslene våre, er det mange avgjerder som lyt takast og mange praktiske oppgåver som lyt takast hand om. Det kan vera ein belastning i seg sjølv når ein kjenslemessig er langt nede. Heldigvis treng ein ikkje handtere alt dette på eiga hand. Det finst hjelp å få, av personar som kjenner alle rutiner og kan ta hand om alt det praktiske, og som også kan hjelpe deg på vegen vidare.


Om du ynskjer det, kan vi ta hand om alt det praktiske i samband med sjølve dødsfallet, bisetjinga, gravferda og minnesamværet. Me ser det og som vår oppgåve å vera ein samtalepartnar, og me har sjølvsagt tausheitsplikt. Ynskjer nokon av dei pårørande å ta del i det praktiske som skal ordnast, så er dei sjølvsagt velkomne til det.

Valdres Gravferdsbyrå har  eigen blomsterbutikk, Kvitsymra, med sorgbinderi. Me kan difor hjelpe til med alt som gjeld blomar, kransar, båredekorasjonar m.m. Me leverer og gravminne, både midlertidige kors i tre og gravsteinar.

 

Så snart vi er kontakta av dei pårørande, hjelper vi til med fylgjande: 

  • kontakt med lege for gyldig dødsattest

  • melding av dødsfallet til lensmannen

  • kontakt med eventuelt sjukehus/institusjon for avtale om
    stell og transport til bårehus/kyrkjegard/krematurium

  • kontakt med presten for avtale om bisetjinga og gravferda

  • samtale med dei pårørande med avtale om kven som gjer kva,

  • utforming av dødsannonse, val av salmar/songar,

  • tinging av songarar/musikarar til gravferdsseremonien

  • avtale med organisten om salmar/songar, solistar og ev.
    spesielle
    musikkynskje

  • trykkjing av songark

  • tinging av blomar og kransar etc.

  • kontakt med trygdekontoret om melding av dødsfallet og om stønad

  • avtale med kyrkjevergja om gravplass

  • pynting i og utanfor kyrkje, kransepålegging under seremonien i kyrkja.

  • avtala tid for evt. urnenedsetjing

Om ynskjeleg:

  • barsal/barhytte ved utsynging frå heimen

  • bestilling og leiing av minnesamvær

  • tinging og oppsetjing av gravminne
    (førebels kors og seinare gravstein)

  • planting og vedlikehald av gravstaden