Kistegravferd
 

Ved ei kistegravferd etter den norske kyrkja si ordning vil ein i hovudsak fylgje desse liturgiske ledda:

Inne i kyrkja eller gravkapellet

Klokkeringing
Preludium
Salmesong
Minneord

Skriftlesing

Kransepålegging

Salmesong

Tale

Salmesong

Postludium

Ute ved grava

Salme

Senking av kista

Jordpåkasting

Salme

Klokkeringing

 

 

 

 

Det som vidare skjer ute ved grava er at gravferdsfylgjet går fram til den syrgjande familien og helsar (kondolerer). Så går dei bort frå kyrkjegarden. Dei syrgjande blir gjerne ståande att ei lita stund.I det kista blir boren ut av kyrkja og ut til grava er oftast kyrkjelyden hjelpsame med å bera ut blomster og kransar, slik at dei får fylgje med.

Om ein ikkje ynskjer seremoni etter Den norske kyrkja si ordning kan ein heller ikkje krevje å få nytte lokalar tilhøyrande kyrkja, som til dømes kyrkjer og gravkapell. Gravferdsbyrået vil i tilfelle vera hjelpsame med å finne eigna lokaler. For meir inforamsjon om gravferd etter den norske Kyrkja si ordning kan du klikke her for å koma til heimesidene til Den norske Kyrkja.

Ein borgerleg seremoni vil koma til å innehalde stort sett dei sama elementa, men ein står der friare med omsyn til val av songar, musikk og tekstar. For meir informasjon om gravferd etter Human-etiske rettningsliner kan du laste ned "En orientering om Humanistisk gravferd".

Her i Valdres vil me gjerne at den næraste familien møter opp i kyrkja éin time før gravferda. Dette for at me får bore inn kista i kyrkja og gått gjennom blomster og kransar, og finn rekkefylgje opp korleis dei blir lest opp. Her er det nemleg tradisjon for at alt som kjem av blomster til gravferda blir lest opp.

 

Les meir om:
Kremasjon


Les meir om:
Oskespreiing