Kremasjon

Ved ein kremasjon vil ein vanlegvis fylgje den sama ordninga som for kistegravferd. Det som i hovudgrunnen er skilnaden er at jordpåkastinga finn stad inne i kyrkja eller gravkapellet. Stader der det ikkje er krematorium vil kista bli boren ut, til ein ventane bil, etter jordpåkastinga. Det er vanleg at gravfylgjet er med og står kring bilen til den har reist. Kyrkjeklokkene vil då vanlegvis ringe heilt til ein ikkje ser bilen lengre. (ordningar kan skilja frå kyrkjelyd til kyrkjelyd).

Blomster og kransar som har vorte lest opp i kyrkja eller gravkapellet kan som hovudregel fylgje med kista til krematoriet. Ofte vél ein berre å sende med blomstrane frå den næraste familien. Resten av blomster og kransar kan ein anten ta med heim eller legge på grava ute på kyrkjegarden der urna med den avdøde seinare skal setjast ned. Om ikkje gravstaden for urna alt er bestemt kan blomane gjerne leggast på anna grav som høyrer familien til. Dette sidan alle blomster og kransar blir kasta i det dei kjem til krematoriet.

På krematoriet vil kista bli sett på eit kjølerom i påvente av kremeringa. Den vil finne stad så fort som råd etter at seremonien i kyrkja eller gravkapellet har funne stad. Vanlegvis 1 til 3 dagar etter.

Urna med avdøde vil vanlegvis koma å bli utlevert til kyrkjekontoret i løpet av 14 dagar etter gravferdsseremonien. Familien vil då få melding frå kyrkjekontoret om at urna har kome, og at ein kan finne tid og stad for urnenedsetjinga.

Kva som skjer rundt ei urnenedsetjing er det familien som i stor grad avgjer. Sidan det har vore ein seremoni før kremasjonen ynskjer ein vanlegvis å gjera urnenedsetjinga så enkel som mogleg. Berre dei aller næraste tilstade ilag med ein representant for kyrkjegarden. Om ein ikkje ynskjer treng ein heller ikkje vera tilstades ved urnenedsetjinga. Då er det kyrkjegardspersonalet som gjer det.

Les meir om:
Kistegravferd

Les meir om:
Oskespreiing

Print Friendly, PDF & Email