Når eg ein gong….

Døden er noko som vedkjem oss alle, og i periodar av livet vil spørsmål om livet og døden vera meir framme i dagen enn andre periodar. Stadig fleire ynskjer å vera med i planlegginga av si eige gravferd. Det kan vera mang grunnar til det, anten at ein ikkje har nær familie til å stå for gravferda, eller at ein ynskjer å spara pårørande for avgjerder og organisering av ei gravferd. Felles for dei flest er at dei har eit ynskje om å akseptere døden som ein naturleg utgang på livet, og at dei ynskjer å skapa ei ramme kring sin eigen død og gravferd som vil vera i tråd med eige liv og tru.

Ei gravferd i gamledagar var ei stor høgtid og ein fest. På garden der den døde var vart det bryggja, baka, slakta og vaksa. Gravferda var ein overgang som skulle markerast. Det vart halde likskue og likvake. Det vart spelt, sunge og dansa. Mykje har endra seg sidan den gong, men enno er gravferda ei hending som ikkje berre vekjem den døde. Det er vener og familie, grannar og andre som óg gjerne vil vera med å ta avskjed, få minnast og syne respekt og vørdnad for den som har gått bort.

I dag vil me gjerne at gravferda skal avspegla den døde. Me vil at folk som kjem til gravferda skal kunne kjenne nærveret av den døde. Dei skal vera viss på at dette er ei gravferd den døde verdig.

Har du gjort deg tankar om di eige gravferd? Er det ei salme eller ein song du er ekstra glad i? Er det ein tekst eller eit bibelvers du likar godt?

Stadig fleire har tankar og planar kring si eige gravferd, og byrået får mange spørsmål om det kan la seg gjera å planlegge si eige gravferd, mest som ei hjelp for dei som blir att. Difor har Valdres Gravferdsbyrå laga eit skjema «Ynskje for eige gravferd». Det kan du laste ned her.

Print Friendly, PDF & Email