Om byrået

Valdres Gravferdsbyrå er eit nytt og moderne gravferdsbyrå som har eksistert sidan 2005.  Til tross for at byrået er nytt og ungt har  me dei gamle gravferdstradisjonane i Valdres i botnen av alt me gjer.

I Valdres Gravferdsbyrå er me opptekne av at du som pårørande skal få hjelp til å laga ei god og trygg ramme rundt utsynginga (bisetjinga) og gravferda.  Me vil gjerne hjelpe deg med å laga gravferda til ein verdig og god avskjed, ein avskjed som avspeglar den  avdøde, både med omsyn til salmar og songar, musikk, blomar, utforming av songark og pynting i kyrkja eller seremonistaden.

megEigar og drivar av Valdres Gravferdsbyrå er Henning Andersen (f. 1977) frå Aurdal. Han har 25 år bak seg som tilsett i kyrkja i Nord-Aurdal, der han i all hovudsak har vore kyrkjetenar, men og kontormedarbeidar med ansvar for administrasjon av gravferder, i tillegg til at han også har jobba som organist i mange år. Mykje av arbeidet i kyrkja har knytt seg til møte med menneske i ulike fasar av livet, men med hovudvekt på møte med menneske i sorg.

Valdres Gravferdsbyrå samarbeider mykje med både Hallingdal Gravferdsbyrå og Land Begravelsesbyrå.

 

Print Friendly, PDF & Email