|
Oskespreiing |
|
Fylkesmann kan etter søknad frå person som har fylt 15 år gje løyve til
at den som skal syrgje for vedkommandes gravferd spreier oska. Løyve kan
óg gjevast etter vedkommandes død når det godtgjørast at avdøde hadde
ynskje om oskespreiing. Slik løyve kan óg gjevast for oske etter barn
når nærmaste etterlatne ønskjer oskespreiing. Det er fylkesmannen på den
staden der osken skal spreiast som set vilkåra for løyva. På denne måten
kan fylkesmannen sikre seg om oskespreiinga går føre seg i sømmelege
former og på egna stad.
Merk: Ansvarleg for gravferda kan velgje å sjå bort frå avdøde sine eigne ynskje om oskespreiing. Obs! Ved slik gravferd kan det ikkje krevjast kyrkjeleg medverknad.
|