Gravferdsstønad
 

Pensjon
Om avøde var medlem av folketrygden og mottok ein eller annan form for trygd, vil denne bli utbetalt for heile den månande avøde døydde.

Gravferdsstønad
1. januar 2003 var den tradisjonelle gravferdsttønaden på kr. 4000,- borte. Men NAV gjev stønad til båretransport om den avdøde lyt kjørast meir enn 20 km frå dødsstaden og til kyrkjegarden/gravlunden. I staden for gravferdsstønaden kan ein søkje om behovsprøvd stønad. Gravferdsstønaden utbetalst med inntil kr. 19.944,-. Grunnlaget som NAV legg til grunn er avdøde si siste likningsattest. Om avdøde etterlet seg ektefelle lyt utskrift av siste likning for både avdøde og ektefelles leggast ved søknaden. Var avdøde einsleg, lyt avdøde si nettoformue, som synast i siste likning, vera under kr. 19.944 for at stønad skal bli utbetalt. Om avdøde etterlet seg ektefellet, lyt deira felles finansformue (ikkje nettoformue, men pengar, aksje osb.) som syner i likninga vera under kr. 37.488,-. Om det etter avdøde blir utbetalt gravferdsstønad gjennom forsikring eller fagforeining blir dette lagt til formuen før NAV sin stønad blir utbetalt.

Gravferdsstønad om avdøde var under 18 år.
Om avøde var under 18 år blir gravferdsstønaden med inntil kr. 19.944 utbetalt uavkorta.

Båretransport
Om avdøde lyt transporterast meir enn 20 km frå dødsstaden og til næraste kyrkjegard/gravlund, blir transporten betalt av NAV, men med unntak av eigenandelen på kr. 1.994,-. Kravet for utbetaling er at avøde var medlem av folketrygden.

Livsforsikringer og pensjonsforsikringerm
Om avdøde hadde forsikringar kan det, i enkelte høve, bli utbetalt gravferdsstønad. Ta kontakt med forsikringsselskapet for å få tilsendt skjema. Skifteatteste eller dødsmelding lyt ofte vedleggast søknaden.

Fagforeninger
Nokre fagforeiningar betalar ut gravferdsstønad for sine medlemmer og ektefeller. Også her lyt skifteattest eller dødsmelding vedleggast.