Gravferdsstønad

GRAVFERDSSTØNAD / BÅRETRANSPORT
Den tradisjonelle gravferdsstønaden har vorte borte, men det kan gjevast behovsprøvd stønad med inntil (2014) kr. 22.083,- I tillegg får ein stønad til båretransport dersom den døde må kjørast over 20 km frå staden der vedkomande døydde, og til næraste naturlege gravstad. Kr. 2.208,- kjem då til fråtrekk.

ANDRE STØNADSORDNINGAR FRÅ NAV
Nav utbetalar fleire ulike ytingar i høve dødsfall. Ta kontakt direkte med NAV og få dei til å hjelpe deg med dette. Desse ytingane kjem ikkje automatisk. Dette er noko du lyt søkje om.

GRAVFERDSSTØNDAD FRÅ FAGFORBUND
Nokre fagforeiningar, særleg dei tilknytt LO, utbetalar gravferdsstønad. Ta kontakt med fagforeininga på arbeidsstaden der avøde jobba for å undersøkje om dette er noko som dødsbuet kan ha krav på.

Print Friendly, PDF & Email