Gravferd / kremasjon

ART_begravelse21[1]Gravferda/gravferdsseremonien skal som hovudregel finne stad innan 8 dagar etter dødsfallet. Det er kyrkjeverje, presten/forstandaren eller den som er ansvarleg for gravferdshandlinga som kan gje dispensasjon frå denne regelen.

Den som har teke på seg ansvaret for å syrgje for gravferda lyt, i samsvar med avdøde sine ynskje, ta stilling til om det skal vera vanleg kistegravferd eller kremasjon, og kva for type seremoni ein ynskjer. Avdøde sine etterlatte over 18 år kan syrgje for gravferda. Det betyr at vedkomande avgjer alle spørsmåla i høve gravferda. Etterlatne i fylgjande rekkefylgje har rett til å ta seg av gravferda: Ektefelle, born, foreldre, barnebarn, besteforeldre, sysken, born av sysken og sysken av foreldra.

I gravferdslova, kap. 2, § 9, går det fram kven som kan vera ansvarleg for ei gravferd. Klikk her for å sjå lovteksten.

I dag finst det fleire ulike gravferdsseremoniar å velje mellom: private, borgerlege, humanetiske eller seremoniar etter andre religionar eller trussamfunn sine ordningar. Men dei aller fleste vel gravferd etter den norske kyrkje si ordning. Desse seremoniane kan variere litt frå kyrkjelyd til kyrkjelyd, men i hovudtrekk er dei like. Det sama gjeld og for humanetisk gravferder.

Me i Valdres Gravferdsbyrå vil vera hjelpsame med å finne eigna lokalar og talarar til gravferder utanom den norske Kyrkja si ordning.

Mange er opptekne av å ha ei grav å gå til. Ein stad der dei kan koma nær den som har gått bort. Mange finn ro ved ei grav og kan lettare sjå for seg og minnast den som ligg der. Ei grav å gå til får ein både om ein vel kistegravferd eller kremasjon.

Andre er ikkje så opptekne av å ha ei grav å gå til. Dei ynskjer kanskje ei nyare form for gravlegging, nemleg oskespreiing. Dei finn den roen og får minnemarkeringa på andre måtar.

Anonym grav er og noko som etterkvart har kome inn som ynskje hjå folk. Anonym gravlegging kan gå føre seg både ved kistegravferd og ved kremasjon. Med anonym grav meines at kista eller urna blir gravlagt ein stad på kyrkjegarden utan at familie eller pårørande er tilstades. Dei får heller ikkje vite kor grava er. Ein kan soleis ikkje krevje å få setja opp gravminne etter ei slik gravferdshandling.

Mange stader i landet har ein byrja å anlegge minnelundar. Det er plassar der ein tillet anonym urnegravlegging. Slike stader er det gjerne sett opp eit minnesmerke for alle som ligg der. Familie eller pårørande får heller ikkje her vite eksakt kor urna er sett ned.
Her i Valdres har me enno ikkje eigne minnelundar for anonyme graver. Men om ein vél anonym gravlegging blir kista eller urna plassert på ein egna stad på kyrkjegarden.

Om du har ynskje om gravlegging på nokon av desse måtane kan du ta kontakt med Valdres Gravferdsbyrå, så skal me hjelpe til med søknadar og naudsynte papir.

Les meir om:
Kistegravferd

Les meir om:
Kremasjon

Les meir om:
Oskespreiing

Print Friendly, PDF & Email