Gravferdsskikkar
 

Gravferdsskikkar som ein del av kulturen vår.
Det som skjer i samband med eit dødsfall kan sjåast på som kulturelle mønster som er til hjelp for oss i sorgprosessen. Rituala eller gravferdskikkane er gode ved at dei gjev struktur og tryggleik i ei tid der opplevinga av kaos eller hjelpelausheit trugar med å overvelde dei som står midt oppe i det. Gravferdsskikkane som det faste mønsteret av handlingar, ord og tonar er forutsigbart og trygt, samstundes som dei opnar for å sjå tapet av den døde i ein større sosial samanheng. 

Me lever i ei travel tid med stort fokus på rasjonalisering og effektivisering. Alt skal skje så fort. Me har ikkje tid til det som fyller livet med meining, har ikkje tid til berre å vera. Døden er også ein del av livet, men i vår moderne tid med institusjonar for gamle og sjuke har me skapt ein avstand til døden. Den er vorten framand for oss, og mange skikkar og tradisjonar i samband med gravferd er borte.

Gravferdsrituala slik me kjenner dei idag har mista mykje av dei meiningsskapande funksjonane sine, og dei pårørande er ofte i liten grad aktive med i det som skjer.

Gravferda er ein viktig del av sorgprosessen. Akkurat difor er det så fint å oppleva at tradisjonane utgjer ei ramme som dei pårørande kan fylle med innhald som har verdi for dei. Dei kan vera med å prege gjennomføringa av gravferda på ein personleg måte som gjev uttrykk for deira kjensler og tankar, og som opplevest rett og ekte for dei. 

Me i Valdres Gravferdsbyrå ynskjer å byggje vidare på dei rike gravferdstradisjonane me har i Valdres. Gravferda er ei markering av avskjed med den som er død, og me ynskjer å legge til rette for at førebuingane og sjølve gravferda skal opplevast som ei viktig og meiningsfyllt hending for dei pårørande.

Førebuing til gravferd
Ved dødsfall i eldre tid var det familien og grannane som budde den døde til gravferd. Fyrst brende dei sengehalmen til den døde, «dei brende likhalm eller likstrå». I kvart grannelag fanst det personar som vart nytta ved ulike høve, personar med erfaring på sitt område. Slik var det ofte ei grannekone som vart tilkalla for å laga likkleda eller bukleda, som dei sa, og budde den døde. Ho vaska, kledde og la den døde i kista. Kista vart kanskje også laga av ein granne, av materialar som fanst på garden. Det heiter at dei gamle hadde malt og turre bord liggjande støtt, så dei ikkje skulle stå opprådde om noko kom på. Då hadde dei malt til øl og bord til kiste. Kista vart oftast sverta med knust steinkol. Rundt 1900 kom dei fyrste ferdigkjøpte, kvite kistene. Grava vart også graven av grannar. Fast gravar vart ikkje vanleg i Valdres før etter 1880, og lenge var det folket sjølve som kasta attpå grava.

Andre grannar var med og vaska og førebudde maten, og det vart både slakta, baka og bryggja. Som oftast var all denne grannehjelpa gratis.

Då den døde var ferdig budd, skulle han «syngjast ut». Nokon gonger var klokkaren med, andre gonger var det ein frå grannelaget. Det vart halde ei stutt tale, bede ei bøn og sunge salmar. Så bar dei ut kista medan dei song «ein liksalme». Kista vart oftast sett på låven til gravferdsdagen.

 

Ei gravferd eller «eit gravøl» vara gjerne 2-3 dagar. Skikkane har variert ein del også innan Valdres, men dei store trekka som danna ramma rundt gravferda har vore dei same. Traktering og mat har såleis vore ein stor del av denne ramma. Det vart traktert både før og etter gravferda, og i Sør-Aurdal var det somme stader skikk å ha med sending til gravaren.Til gravferdsdagen vart tunet pynta med bar, bokstavane til den døde i bar vart hengt over inngangsdøra, og på sumarstid vart det bygd barhytte eller «barsal» til å setja kista i. Vegen ut frå tunet var også pynta med bar. Fyrst vart alle trakterte med «dram og bakils» - ein dram og krumkaker eller fattigmann. Så vart det etterkvart meir mat før alle samla seg rundt kista ute. Kjøkemeisteren held tala, og det var salmesong før dei for til kyrkjegarden. Om vinteren var denne samlinga inne. På kista låg gjerne eit teppe, eit «likåkle» og ei salmebok. Nokon stader var det vanleg med to brennande ljos på kisteloket. Seinare vart det vanleg med blomekransar på kisteloket. Det var ikkje vanleg at presten var med i gravferd før ikring 1900. Det vart heller ikkje vanleg å ta kista inn i kyrkja før langt inn på 1900-talet.

På gravferdsdagen møtte grannane opp med hest og kjøretøy. Hestane skulle helst gå, like langt frå kvarandre, og det skulle ikkje bli opning mellom dei. Ved kvar større gard fylgjet køyrde forbi song dei eit vers. Ved kvar gard som låg etter leia mellom gravferdsgarden og kyrkja vart det pynta med bar på begge vegkantane, ei siste ære som vart synt den døde.

Då fylgjet nærma seg kyrkja vart det ringt med kyrkjeklokkene, heilt til dei var framkomne. Så var det salmesong medan kista vart boren til grava og senka ned. Var ikkje presten med, laut dei vente med jordpåkastinga til neste messesundag. Då vart eit røyr sett ned på kista når grava vart kasta att, slik at dei tre skuffene med jord kom ned på kisteloket.

Etter gravferda var det traktering for heile gravferdsfylgjet heime i garden. Grannekonene kom med «sending», ei korg med god mat. Om kvelden var det gjerne skjenk, prat, og i gamal tid også dans.
 

Korleis me i Valdres Gravferdsbyrå brukar tradisjonane

Me har vald å bruke kristneteppe/dreielsteppe istaden for det raude eller svarte katafalkteppet (teppet som kista blir sett på i kyrkja) som er vanleg i gravferder idag. Den tradisjonelle bruken av kristneteppet var som svøp rundt barnet på ferda til kyrkja på dåpsdagen. Kanskje vart det brukt som pynt over altarringen vigselsdagen, og då personen var død vart det lagt over kista.

Me lagar også bokstavane/initialane til den døde i granbar/lyng, og desse heng på kyrkjeporten under gravferda. Dette var tidlegare tradisjon i heile Valdres, både til pynt og for å ære den døde. Det grøne baret, som er eivg-grønt, skulle symbolisere at den døde aldri skulle bli gløyt, men at minne skulle leva evig. Før det vart vanleg med institusjonar døydde folk som oftast heime. Då sto kista heime til gravferdsdagen, og den døde vart «sungen ut» frå heimen før gravferdsfølgjet fôr til kyrkja.