Tilsette i byrået

Henning Andersen

Eigar og drivar av Valdres Gravferdsbyrå er Henning Andersen (f. 1977) frå Aurdal. Han har nærare 30 år bak seg som tilsett i kyrkja i Nord-Aurdal, der han i all hovudsak har vore kyrkjetenar, men og kontormedarbeidar med ansvar for administrasjon av gravferder, i tillegg til at han også har jobba som organist i mange år. Mykje av arbeidet i kyrkja har knytt seg til møte med menneske i ulike fasar av livet, men med hovudvekt på møte med menneske i sorg.

I tillegg til å jobbe i gravferdsbyrået er Henning også folkemusikar, med hardingfela som hovudinstrument. Opp gjennom åra har han spelt mykje konsertar og festivalar i inn- og utland.

Erling Rognhaugen

Medhjelpar i byrået (f. 1995). Han er oppvaksen i Kristiansand og har erfaring innan journalistikk og filmproduksjon. Erling er glad i menneske og set pris på dei djupe samtalane om livet. Han arbeider òg som lærar i kulturskolen og som vikar i barnehagar.