Kor mykje ei gravferd vil koma til å koste er vanskeleg å seia noko heilt sikkert om før ein har teke stilling til alle alternativ ein har -  om det skal vera kremasjon, storleik på dødsannonse og evt. om den skal stå i fleire aviser, mengde blomar, og talet på songark.

Men likevel kan me seia at ei gravferd normalt ligg ein stad mellom 25.000 og 35.000,-. Alle gravferdsbyrå er pliktige til å gje eit prisoverslag i løpet av samtalen med pårørande.