Kva type seremoni og gravferd skal ein velje?

Gravferda/gravferdsseremonien skal som hovudregel finne stad innan 10 verkedagar etter dødsfallet. Det er kyrkjeverje, presten/forstandaren eller den som er ansvarleg for gravferdshandlinga som kan gje dispensasjon frå denne regelen.

Den som har teke på seg ansvaret for å syrgje for gravferda lyt, i samsvar med avdøde sine ynskje, ta stilling til om det skal vera vanleg kistegravferd eller kremasjon, og kva for type seremoni ein ynskjer. Avdøde sine etterlatte over 18 år kan syrgje for gravferda. Det betyr at vedkomande avgjer alle spørsmåla i høve gravferda. Etterlatne i fylgjande rekkefylgje har rett til å ta seg av gravferda: Ektefelle, born, foreldre, barnebarn, besteforeldre, sysken, born av sysken og sysken av foreldra.

I gravferdslova, kap. 2, § 9, går det fram kven som kan vera ansvarleg for ei gravferd. Klikk her for å sjå lovteksten.

I dag finst det fleire ulike gravferdsseremoniar å velje mellom: private, borgerlege, humanetiske eller seremoniar etter andre religionar eller trussamfunn sine ordningar. Men dei aller fleste vel gravferd etter den norske kyrkje si ordning. Desse seremoniane kan variere litt frå kyrkjelyd til kyrkjelyd, men i hovudtrekk er dei like. Det sama gjeld og for humanetisk gravferder.

Me i Valdres Gravferdsbyrå vil vera hjelpsame med å finne eigna lokalar og talarar til gravferder utanom den norske Kyrkja si ordning.

Mange er opptekne av å ha ei grav å gå til. Ein stad der dei kan koma nær den som har gått bort. Mange finn ro ved ei grav og kan lettare sjå for seg og minnast den som ligg der. Ei grav å gå til får ein både om ein vel kistegravferd eller kremasjon.

Andre er ikkje så opptekne av å ha ei grav å gå til. Dei ynskjer kanskje ei nyare form for gravlegging, nemleg oskespreiing. Dei finn den roen og får minnemarkeringa på andre måtar.

Anonym grav er og noko som etterkvart har kome inn som ynskje hjå folk. Anonym gravlegging kan gå føre seg både ved kistegravferd og ved kremasjon. Med anonym grav meines at kista eller urna blir gravlagt ein stad på kyrkjegarden utan at familie eller pårørande er tilstades. Dei får heller ikkje vite kor grava er. Ein kan soleis ikkje krevje å få setja opp gravminne etter ei slik gravferdshandling.

Mange stader i landet har ein byrja å anlegge minnelundar. Det er plassar der ein tillet anonym urnegravlegging. Slike stader er det gjerne sett opp eit minnesmerke for alle som ligg der. Familie eller pårørande får heller ikkje her vite eksakt kor urna er sett ned.
Her i Valdres har me enno ikkje eigne minnelundar for anonyme graver. Men om ein vél anonym gravlegging blir kista eller urna plassert på ein egna stad på kyrkjegarden.

Om du har ynskje om gravlegging på nokon av desse måtane kan du ta kontakt med Valdres Gravferdsbyrå, så skal me hjelpe til med søknadar og naudsynte papir.

Kistegravferd

Ved kistegravferd etter den norske kyrkja si ordning vil ein i hovudsak fylgje desse liturgiske ledda:

Inne i kyrkja eller gravkapellet

Klokkeringing
Preludium
Salmesong
Minneord
Skriftlesing
Kransepålegging
Salmesong
Tale
Salmesong
Postludium

Ute ved grava

Salme
Senking av kista
Jordpåkasting
Salme
Klokkeringing

Det som vidare skjer ute ved grava etter at klokkene har ringt, er at gravferdsfylgjet går fram til den syrgjande familien og helsar (kondolerer). Så går dei bort frå kyrkjegarden. Dei syrgjande blir gjerne ståande att ei lita stund. I det kista blir boren ut av kyrkja og ut til grava er oftast kyrkjelyden hjelpsame med å bera ut blomster og kransar, slik at dei får fylgje med.

Om ein ikkje ynskjer seremoni etter Den norske kyrkja si ordning kan ein heller ikkje krevje å få nytte lokalar tilhøyrande kyrkja, som til dømes kyrkjer og gravkapell. Gravferdsbyrået vil i tilfelle vera hjelpsame med å finne eigna lokaler. For meir inforamsjon om gravferd etter den norske Kyrkja si ordning kan du klikke her for å koma til heimesidene til Den norske Kyrkja.

Ein borgerleg seremoni vil koma til å innehalde stort sett dei sama elementa, men ein står der friare med omsyn til val av songar, musikk og tekstar. For meir informasjon om gravferd etter Human-etiske rettningsliner kan du klikke på denne linken her: Humanistisk gravferd.

Her i Valdres er det tradisjon at næraste familie møter opp i kyrkja éin time før gravferda. Dette for å bæra kista inn i kyrkja, og for å gå gjennom blomar og kransar som har kome, og laga ei rekkefylgje på korleis dette skal lesast opp. I Valdres er det nemleg tradisjon for at alt som kjem av blomster til gravferda blir lest opp.

Kremasjon

Ved ein kremasjon vil ein vanlegvis fylgje den sama ordninga som for kistegravferd. Det som i hovudgrunnen er skilnaden er at jordpåkastinga finn stad inne i kyrkja eller gravkapellet. Stader der det ikkje er krematorium vil kista bli boren ut, til ein ventane bil, etter jordpåkastinga. Det er vanleg at gravfylgjet er med og står kring bilen til den har reist. Kyrkjeklokkene vil då vanlegvis ringe heilt til ein ikkje ser bilen lengre. (ordningar kan skilja frå kyrkjelyd til kyrkjelyd).

Blomster og kransar som har vorte lest opp i kyrkja eller gravkapellet kan som hovudregel fylgje med kista til krematoriet. Ofte vél ein berre å sende med blomstrane frå den næraste familien. Resten av blomster og kransar kan ein anten ta med heim eller legge på grava ute på kyrkjegarden der urna med den avdøde seinare skal setjast ned. Om ikkje gravstaden for urna alt er bestemt kan blomane gjerne leggast på anna grav som høyrer familien til. Dette sidan alle blomster og kransar blir kasta i det dei kjem til krematoriet.

På krematoriet vil kista bli sett på eit kjølerom i påvente av kremeringa. Den vil finne stad så fort som råd etter at seremonien i kyrkja eller gravkapellet har funne stad. Vanlegvis 1 til 3 dagar etter.

Urna med avdøde vil vanlegvis koma å bli utlevert til kyrkjekontoret i løpet av 14 dagar etter gravferdsseremonien. Familien vil då få melding frå kyrkjekontoret om at urna har kome, og at ein kan finne tid og stad for urnenedsetjinga.

Kva som skjer rundt ei urnenedsetjing er det familien som i stor grad avgjer. Sidan det har vore ein seremoni før kremasjonen ynskjer ein vanlegvis å gjera urnenedsetjinga så enkel som mogleg. Berre dei aller næraste tilstade ilag med ein representant for kyrkjegarden. Om ein ikkje ynskjer treng ein heller ikkje vera tilstades ved urnenedsetjinga. Då er det kyrkjegardspersonalet som gjer det.

Oskespreiing

Fylkesmann kan etter søknad frå person som har fylt 15 år gje løyve til at den som skal syrgje for vedkommandes gravferd spreier oska. Løyve kan óg gjevast etter vedkommandes død når det godtgjørast at avdøde hadde ynskje om oskespreiing. Slik løyve kan óg gjevast for oske etter barn når nærmaste etterlatne ønskjer oskespreiing. Det er fylkesmannen på den staden der osken skal spreiast som set vilkåra for løyva. På denne måten kan fylkesmannen sikre seg om oskespreiinga går føre seg i sømmelege former og på egna stad.
Døme på vilkår.

  • Spreiinga går føre seg på virkedagar når det er lyst.
  • Ikkje i fellesferie, pinsehelg, laurdag/sundag (dagar med stor utfart)
  • Ikkje attmed gangsti/tursti
  • 500 meter frå drikkevasskjelde.
  • Spreiiing må gå føre seg på barmark

Merk: Ansvarleg for gravferda kan velgje å sjå bort frå avdøde sine eigne ynskje om oskespreiing. 

Anonym gravlegging

Med anonym grav forstås grav som ikke har noen ansvarlig, og hvor gravens plassering bare er kjent for gravplassmyndighetene. Dette innebærer at bare representanter for gravplassmyndighetene skal være til stede ved gravleggingen.

Anonym grav og anonym minnelund

Gravlegging skjer da på et felt der gravens plassering bare er kjent for gravplassmyndigheten.

Det er ikke anledning til å sette opp noe gravminne eller annen markering med navn eller annen tekst.

Anonym grav kan benyttes både ved kistebegravelser og urnebegravelser.

Anonym grav kan ikke festes.

Noen steder er det satt opp et minnesmerke på et felt med anonyme graver, men det er uten navn på de gravlagte.

Her som ellers er det bedre med informasjon i forkant enn at den som sørget for gravferden gjør et noe uopplyst valg og i etterkant ser at en ville valgt annerledes om en kunne valgt på nytt. Informasjon ovenfor bør også videreformidles til gravferdsbyråene.