Ei dødsannonse kan utformast på mange ulike måtar. Øvst er eit symbol - skal det vera eit kors, eit lys, ei duve, ei blomst, ein sumarfugl, eit hjarta, eller noko anna? Mange vel å ta med alle slektsrelasjonar folk har til den døde - far, svigerfar, bestefar, oldefar, bror, svoger og onkel. Medan andre berre skriv «Vår alles kjære». Er det mange etterkomarar kan det vera lurt å berre skrive «barnebarn og oldebarn» i staden for å ta med alle namna. 

Nokon vil ha eit dikt eller vers i annonsen, medan andre vil ha ei enkel og rein annonse. 

Me hjelper deg gjerne med å setja opp annonsen slik du vil ha den, og sender den til dei avisene du måtte ynskje. Me nyttar oss av eit web-basert annonsesystem, som dei fleste avisene i Noreg gjer, slik at me får både korrektur og pris på annonsen umiddelbart.

Annonsefristen er som regel kl. 09.00 dagen før innrykk.