Tilsette i byrået

Henning Andersen

Eigar og drivar av Valdres Gravferdsbyrå er Henning Andersen (f. 1977) frå Aurdal. Han har nærare 30 år bak seg som tilsett i kyrkja i Nord-Aurdal, der han i all hovudsak har vore kyrkjetenar, men og kontormedarbeidar med ansvar for administrasjon av gravferder, i tillegg til at han også har jobba som organist i mange år. Mykje av arbeidet i kyrkja har knytt seg til møte med menneske i ulike fasar av livet, men med hovudvekt på møte med menneske i sorg.

I tillegg til å jobbe i gravferdsbyrået er Henning også folkemusikar, med hardingfela som hovudinstrument. Opp gjennom åra har han spelt mykje konsertar og festivalar i inn- og utland.

Valdres Gravferdsbyrå samarbeider mykje med både Hallingdal Gravferdsbyrå og Land Begravelsesbyrå.


Helge Lien

Helge Lien (f.1988) er ifrå Heggenes i Øystre Slidre. Han har 10 år bak seg frå brann- og redningsetaten både her heime i Valdres og ifrå Kristiansand. Mange kjenner nok Helge gjennom hans lange karriere som dyrebilsjåfør rundt om på gardane i Valdres.

Helge har òg fungert som kyrkjetenar/ringar i Rogne, frå ung alder ilag med sine to bestefedre, som også var kyrkjetenarar der.

Helge har ei stor interesse for landbruket, spesielt dyrehald. Og han har sjølv drive med foringsdyr opp gjennom åra.

Etter mange år i brann- og redningsetaten har Helge mykje erfaring frå møte med menneske i både krise og sorg. Erfaringane og kompetansen han har opparbeida seg der, er noko Valdres Gravferdsbyrå er glade for å kunne nytte seg av.