Gravferder blir no sterkt prega av restriksjonane som FHI (folkehelseinstituttet) har pålagt oss. Det vil også vera lokale restriksjonar som overstyrer FHI sine. Dei overordna nasjonale reglane for antall til stades ved gravferder er sett til maks 50. Det som begrensar deltakinga er storleiken på kyrkjerommet. Skal ein klare ein-metersregelen, blir det færre folk ved gravferder her i Valdres, der kyrkjene er mindre. For kyrkjene her i Valdres varierer det mellom 30 og 50.
- Folk som er sjuke eller har symptom, eller er nærkontakt av smitta skal ikkje vera med på planlegging av graverd, eller møte opp i gravferd.
- Planlegging av gravferda går føre seg med færrast mogleg involverte. Evt. kan samtalar gjerast digitalt eller over telefon.
- Ingen pårørande kan sitja på i bårebilen under transport.
- Under seremoni skal det vera minst 2 meters avstand mellom besøkande i seremonirommet.
- Det er ingen av kyrkjene her i Valdres som kan ha meir enn 50 personar til stades under seremoni. Dei fleste kyrkjene har eit langt lågare tal.
- Det er påbode med munnbind under heile seremonien. Unntaket er for ungar under 12 år, eller andr som av medisinske årsakar ikkje kan bruke munnbind.
- Me ber om at ein respekterer kravet om å ikkje ha nærkontakt/handtrykk/klemmar osb.
- Det er ikkje høve til å ha kondolanseprotokoll i kyrkja. Her kan ein evt. nytte minnesidene som gravferdsbyrået tilbyr.
- Me tilbyr livestreaming av gravferdene til minneside, open eller lukka Facebookside, eller opptak til privat bruk
- Myndighetene oppfordrer alle til å laste ned «Smittestopp» Norges covid-19 app.