Når eg ein gong...

21.03.2021

Døden er noko som vedkjem oss alle, og i periodar av livet vil spørsmål om livet og døden vera meir framme i dagen enn andre periodar. Stadig fleire ynskjer å vera med i planlegginga av si eige gravferd. Det kan vera mang grunnar til det, anten at ein ikkje har nær familie til å stå for gravferda, eller at ein ynskjer å spara pårørande for avgjerder og organisering av ei gravferd. Felles for dei flest er at dei har eit ynskje om å akseptere døden som ein naturleg utgang på livet, og at dei ynskjer å skapa ei ramme kring sin eigen død og gravferd som vil vera i tråd med eige liv og tru.

Stadig fleire har tankar og planar kring si eige gravferd, og byrået får mange spørsmål om det kan la seg gjera å planlegge si eige gravferd, mest som ei hjelp for dei som blir att.

Difor har Valdres Gravferdsbyrå laga eit skjema «Ynskje for eige gravferd». Du kan anten laste ned skjemaet eller starte å fylle ut direkte. Har du lyst til å ta ein prat om desse tinga, så ta kontakt.