Songarket i gravferda er noko som mange pårørande brukar mykje tid på, sidan det er med på å gjera gravferda personleg. Songarket kan seia mykje om den som er død, ved bruka av private bilder - det kan vera eit bilde frå hytta, stølen, fjellet, frå heimen eller andre stader som har betydd mykje for den døde eller dei næraste. Nokon vèl og å ha eit bilde av den avdøde på framsida. Medan andre vil ha eit heilt enkelt songark utan noko anna enn namn og årstal på.
Her kan du bla i songark med heildekkande motiv. Kanskje får du her idear til korleis eit songark med private bilder kan sjå ut.