Livestreaming - direktesending - opptak

Nokre gonger kan store avstandar, jobb eller studier gjera det vanskeleg å få delta i ei gravferd til familiemedlemmar, nære vener eller slektningar. Difor er det mange som ynskjer ei livestreaming av gravferdsseremonien. Det kan anten gjerast gjennom minnesida eller via open eller lukka Facebookside.

Valdres Gravferdsbyrå tilbyr tenester med livestreaming og opptak av seremoni. Dette kan gjerast på fleire måtar - anten heilt enkelt med eitt kamera, eller ein ynskjer ei løysing med 2 eller tre kamera. Ved ei fleir-kameraløysing kan ein vise bilde frå ulike vinklar, og med ulikt fokus på objekt - til dømes nærbilde av talarar, solistar, kista, bomane osb. 

Ved livestreaming eller opptak finst det reglar for personvern og lover om opphavsrett til framført song og musikk. Me i gravferdsbyrået sørger for at streaming, opptak og publisering blir gjort etter gjeldande lover og reglar.