Kistegravferd

Ved kistegravferd etter den norske kyrkja si ordning vil ein i hovudsak fylgje desse liturgiske ledda:

Inne i kyrkja eller gravkapellet

Klokkeringing
Preludium
Salmesong
Minneord
Skriftlesing
Kransepålegging
Salmesong
Tale
Salmesong
Postludium

Ute ved grava

Salme
Senking av kista
Jordpåkasting
Salme
Klokkeringing

Det som vidare skjer ute ved grava etter at klokkene har ringt, er at gravferdsfylgjet går fram til den syrgjande familien og helsar (kondolerer). Så går dei bort frå kyrkjegarden. Dei syrgjande blir gjerne ståande att ei lita stund. I det kista blir boren ut av kyrkja og ut til grava er oftast kyrkjelyden hjelpsame med å bera ut blomster og kransar, slik at dei får fylgje med.

Om ein ikkje ynskjer seremoni etter Den norske kyrkja si ordning kan ein heller ikkje krevje å få nytte lokalar tilhøyrande kyrkja, som til dømes kyrkjer og gravkapell. Gravferdsbyrået vil i tilfelle vera hjelpsame med å finne eigna lokaler. For meir inforamsjon om gravferd etter den norske Kyrkja si ordning kan du klikke her for å koma til heimesidene til Den norske Kyrkja.

Ein borgerleg seremoni vil koma til å innehalde stort sett dei sama elementa, men ein står der friare med omsyn til val av songar, musikk og tekstar. For meir informasjon om gravferd etter Human-etiske rettningsliner kan du klikke på denne linken her: Humanistisk gravferd.

Her i Valdres er det tradisjon at næraste familie møter opp i kyrkja éin time før gravferda. Dette for å bæra kista inn i kyrkja, og for å gå gjennom blomar og kransar som har kome, og laga ei rekkefylgje på korleis dette skal lesast opp. I Valdres er det nemleg tradisjon for at alt som kjem av blomster til gravferda blir lest opp.